Hjem
 
Altjul - Alternativ Jul i Florø
Har gitt 30.000 til velgjerd PDF Skriv ut E-post
Skrevet av Asbjørn   
lørdag 19. juni 2010 14:14

floraruss2010

Har gitt 30.000 til velgjerd

Florørussen 2010 har gjeve 30.000 kroner totalt til gode føremål. Onsdag overrekte ungdommen ein sjekk på 20.000 til Leger uten grenser.


Firdaposten : David E. Antonsen
Publisert 18.06.2010 kl 15:25 Oppdatert 18.06.2010 kl 15:25

 


Etter russerevyen 29. januar i år gav Florarussen 10.000 kroner til Røde Kors sitt engasjement i Haiti.
17. mai gav dei 2000 kroner til AltJul. (**)
No har dei gjort det igjen: Onsdag kunne Florarussen overrekke ein sjekk på 20.000 kroner til Leger uten grenser. Dette er overskotet etter russetreffet Chickelacke.


– Russetida har vore mykje fest og moro, men samstundes er vi seriøse personar. No håper vi berre at neste års russ kjem til å følgje opp med like mykje velgjerd og like flotte arrangement, seier Mathias Stang i russestyret og understrekar at russetida for russen 2010 ikkje har vore berre leik og moro.


– Gjer inntrykk

Sjekken på 20.000 kroner vart overlevert Ragnar Børsheim i Leger uten grenser onsdag.

– 20.000 er masse pengar, seier ein takksam Børsheim og legg til:

– Det er flott at unge folk bryr seg, og at dei har eit internasjonalt perspektiv og solidaritet. Det gjer inntrykk, seier legen.

Dei 20.000 kronene skal gå til Leger uten grenser sitt arbeid i Afghanistan.

 


Vår kommentar :

**
Alternativ Jul i Florø takker Florarussen2010 for gåva på 2000 Kr !

Slike bidrag er med å gjøre jula lettere for mange.

Vær med du også ! Bruk gjerne grasrotandelen som din måte å støtte på !

grasrot_logo
Klikk på logoen for å være med .

Sist oppdatert lørdag 19. juni 2010 14:16
 
Prisa «Alternativ jul» PDF Skriv ut E-post
Skrevet av Asbjørn   
fredag 21. mai 2010 06:22

Herdis Seim tok i mot Tverrkulturell pris 2010

på vegner av «Alt jul» i Florø.

Publisert 19.05.2010 kl 16:41 Oppdatert 19.05.2010 kl 16:49

Med god støtte frå eit stort frivillig nettverk, lokale kulturaktørar og eit raust næringsliv, har initiativet gjort julekvelden til ei fin oppleving for fleire og fleire. Første gongen, i «Mangfaldsåret» i 2008 samla dei 90 menneske. I 2009 var dei heile 150 til bords, heiter det i grunngjevinga.

Alternativ jul held ope hus julaftan. Alle er inviterte, uansett grunn, og på tvers av tru og politiske særinteresser. Arrangementet er basert på frivillige hjelparar til å lage mat, transportere folk og til underhaldning.

Firdaposten skreiv etter siste års arrangement følgjande: ”Det velbrukte ordet suksess kan gjerne brukast for å karakterisere det som Herdis Seim og gjengen bak Alternativ jul fekk til i Flora samfunnshus på julaftan.”

Herdis Seim har mange gonger delteke i dugnadsløfta til Kirkens Bymisjon i Bergen og Oslo, for at dei som ikkje har nokon å feire jul saman med skal ha eit tilbod. Ho ønskte å bruke erfaringane sine i heimbyen Florø, fordi ho visste det var behov for det. Mange sit åleine på julekvelden, sjølv på ein liten plass som Florø.

I tillegg har dei også arrangert julegåveinnsamling til Lioliai Skule i Kelme i samarbeid med Florø barneskole, og driftar ei webside på mange ulike språk.

herdis_motar_pris

Herdis Seim tek imot prisen frå
leiar i Kultur- og oppvekstutvalet
Bengt Solheim-Olsen
Foto: Olav Hatlemark - Firdaposten

 

 Se video fra Florø Stadion her


Sist oppdatert søndag 06. juni 2010 18:12
Les mer …
 
Grasrotandelen PDF Skriv ut E-post
Skrevet av Asbjørn   
fredag 24. april 2009 12:39

Vi er med i GRASROTANDELEN
Støtt oss : Klikk her !

Kontakt oss ( Klikk her )

Del

Sist oppdatert søndag 06. juni 2010 18:05
 
Firdaposten: Alt Jul satsar på seminar PDF Skriv ut E-post
Skrevet av Asbjørn   
onsdag 26. mai 2010 21:04

Alt Jul satsar på seminar

■ Hentar nasjonale toppnamn til russeminar i jubileumsåret

herdis_v_samf_hus

SEMINAR: Herdis Seim og Alt Jul arrangerer seminar i starten av desember. Foto: Merete H. Høidal

 

FLORØ: Markante kulturpersonlegheiter står på blokka når
Herdis Seim og Alt Jul-organisasjonen snart er klar med sitt første sidearrangement.

 FIRDAPOSTEN • TORSDAG 20. MAI 2010  SVEND ARNE VEE

– Vi hadde lyst å gjere noko ekstra i samband med 150-årsjubileet til Florø.

Vi står midt oppi arbeidet med ein rusplan, og dette blir vårt bidrag til det viktige arbeidet,
seier eldsjela Herdis Seim.

Torsdag 2. og fredag 3. desember er det duka for to dagars seminar kring rusproblematikk,
der fagekspertise og store namn innan kultur står på florøblokka.

Førebels er få namn spikra, men Herdis Seim er i dialog med fleire.

Dialog med Ohlin

Sist oppdatert søndag 06. juni 2010 18:13
Les mer …
 
Herdis Seim mottok Tverrkulturell pris på vegne av Alternativ Jul i Florø ! PDF Skriv ut E-post
Skrevet av Asbjørn   
fredag 21. mai 2010 06:35

Herdis Seim mottok Tverrkulturell pris på vegne av Alternativ Jul i Florø !

Les mer her

 

Se video fra Florø Stadion her

Sist oppdatert lørdag 05. juni 2010 20:34
 
«StartForrige12NesteSiste»

Side 1 av 2
Kopirett © 2010 Altjul - Alternativ Jul i Florø. Alle rettigheter reservert.
Joomla! er fri programvare utgitt under GNU/GPL License.
 

Statistikker

Artikkelvisninger : 4779

Besøkende

Vi har 3 gjester her nå

Tellere

mod_vvisit_countermod_vvisit_countermod_vvisit_countermod_vvisit_countermod_vvisit_countermod_vvisit_counter
mod_vvisit_counterI dag4
mod_vvisit_counterI går20
mod_vvisit_counterDenne uke170
mod_vvisit_counterDenne måneden4
mod_vvisit_counterTotalt11525
Frem til 24/4-09 har nettstedet hatt 2694 treff. Nye websider er aktivert samme dato.
Utvalgte lenker: