Hjem Media Klipp Prisa «Alternativ jul»
Prisa «Alternativ jul» PDF Skriv ut E-post
Skrevet av Asbjørn   
fredag 21. mai 2010 06:22

Herdis Seim tok i mot Tverrkulturell pris 2010

på vegner av «Alt jul» i Florø.

Publisert 19.05.2010 kl 16:41 Oppdatert 19.05.2010 kl 16:49

Med god støtte frå eit stort frivillig nettverk, lokale kulturaktørar og eit raust næringsliv, har initiativet gjort julekvelden til ei fin oppleving for fleire og fleire. Første gongen, i «Mangfaldsåret» i 2008 samla dei 90 menneske. I 2009 var dei heile 150 til bords, heiter det i grunngjevinga.

Alternativ jul held ope hus julaftan. Alle er inviterte, uansett grunn, og på tvers av tru og politiske særinteresser. Arrangementet er basert på frivillige hjelparar til å lage mat, transportere folk og til underhaldning.

Firdaposten skreiv etter siste års arrangement følgjande: ”Det velbrukte ordet suksess kan gjerne brukast for å karakterisere det som Herdis Seim og gjengen bak Alternativ jul fekk til i Flora samfunnshus på julaftan.”

Herdis Seim har mange gonger delteke i dugnadsløfta til Kirkens Bymisjon i Bergen og Oslo, for at dei som ikkje har nokon å feire jul saman med skal ha eit tilbod. Ho ønskte å bruke erfaringane sine i heimbyen Florø, fordi ho visste det var behov for det. Mange sit åleine på julekvelden, sjølv på ein liten plass som Florø.

I tillegg har dei også arrangert julegåveinnsamling til Lioliai Skule i Kelme i samarbeid med Florø barneskole, og driftar ei webside på mange ulike språk.

herdis_motar_pris

Herdis Seim tek imot prisen frå
leiar i Kultur- og oppvekstutvalet
Bengt Solheim-Olsen
Foto: Olav Hatlemark - Firdaposten

 

 Se video fra Florø Stadion her




herdis_motar_pris2

Herdis Seim mottek den tverrkulturelle prisen for Altlernativ Jul, organisasjonen ho laga som laga julekvelden ekstra kjekk for dei som ikkje hadde så mange andre å feire med. Prisoverrekkar er Bengt Solheim-Olsen, leiar for kultur og oppvekstutvalet.
Foto: Olav Hatlemark - Firdaposten

herdis_mottar_pris_m_barna

Herdis Seim takka støttespelarane sine som var med og gjorde "Alternativ Jul" arrangementet muleg. Ho annonserte samstundes at organisasjonen skal arrangere ein større konferanse om rus i Florø.
Foto: Olav Hatlemark - Firdaposten

diplom
Foto : Asbjørn Aamot

Bilder og tekst hentet fra Firdaposten
firdaposten

Sist oppdatert søndag 06. juni 2010 18:12
 
Kopirett © 2010 Altjul - Alternativ Jul i Florø. Alle rettigheter reservert.
Joomla! er fri programvare utgitt under GNU/GPL License.
 

Statistikker

Artikkelvisninger : 5282

Tellere

mod_vvisit_countermod_vvisit_countermod_vvisit_countermod_vvisit_countermod_vvisit_countermod_vvisit_counter
mod_vvisit_counterI dag88
mod_vvisit_counterI går121
mod_vvisit_counterDenne uke889
mod_vvisit_counterDenne måneden557
mod_vvisit_counterTotalt13718
Frem til 24/4-09 har nettstedet hatt 2694 treff. Nye websider er aktivert samme dato.