|
Alt Jul satsar på seminar
■ Hentar nasjonale toppnamn til russeminar i jubileumsåret

SEMINAR: Herdis Seim og Alt Jul arrangerer seminar i starten av desember. Foto: Merete H. Høidal
FLORØ: Markante kulturpersonlegheiter står på blokka når Herdis Seim og Alt Jul-organisasjonen snart er klar med sitt første sidearrangement.
FIRDAPOSTEN • TORSDAG 20. MAI 2010 SVEND ARNE VEE
– Vi hadde lyst å gjere noko ekstra i samband med 150-årsjubileet til Florø.
Vi står midt oppi arbeidet med ein rusplan, og dette blir vårt bidrag til det viktige arbeidet, seier eldsjela Herdis Seim.
Torsdag 2. og fredag 3. desember er det duka for to dagars seminar kring rusproblematikk, der fagekspertise og store namn innan kultur står på florøblokka.
Førebels er få namn spikra, men Herdis Seim er i dialog med fleire.
Dialog med Ohlin
– Vi har fått positiv respons frå filmskapar Margret Ohlin, som mellom anna laga dokumentarfilmen «Engelen», om den heroinavhengige venninna si Lea. Får vi til dette, blir det i samarbeid med kulturetaten, slik at filmane hennar kan visast i byen samtidig, seier Seim.
Aktuell er også ein folkekjær artist som alltid har vore eit sterkt talerøyr for svake grupper i samfunnet, nemleg Henning Kvitnes.
Det nye folkrock-stjerneskotet frå Hallingdal, Tove Bøygard, er også aktuell. Ho har i fleire år engasjert seg for å hjelpe rusavhengige og stilt opp på liknande arrangement.
– I tillegg vil vi ha fleire lokale band som spelar i samfunnshuset under seminaret, fortel Seim.
Planen er å dele arrangementet i to, der den første dagen er open for allmenta, både seminardelen og konsertane. Fredag 3. desember blir for inviterte gjester, men også der blir kulturbiten open for alle.
Må nå ungdommen
– Eg kjem sjølvsagt til å invitere alle byens folkevalde, tilsette i Nav-systemet og andre personar som har viktige roller andsynes rusavhengige. Vi står midt oppi arbeidet med ein ny rusplan for Flora kommune, og her kan komme viktige innspel. Foreininga for ein meir human narkotikapolitikk kjem også til å bidra med føredrag ved Arild Knudsen, og Megafon-sjef Thomas Anthun Nilsen, seier Seim.
Og særleg ei gruppe håpar ho å nå ut til: – Eg ønskjer meg mest mogleg ungdom på seminardagane. Det er dei vi må nå ut til, konstaterer ho. Alt Jul har i fleire år hatt ein økonomisk velgjerar i Bergen. Det står 66.000 kroner urørt på konto som han har godkjent kan brukast til dette sidearrangementet.
Treng støtte – I tillegg dryp det inn litt pengar til oss gjennom Grasrotdelen. Ungdommens bystyre har signalisert mogleg støtte, og vi har alt fått lovnader frå Russen om at dei vil bidra økonomisk, og pårørandegruppa Nille hjelper oss i planlegginga. Men vi treng framleis fleire støttespelarar for å gjere dette til ei storhending, seier Alt Jul-sjefen.
Under seminaret blir det fingermat av det eksotiske slaget, der fleire innvandrargrupper har sagt ja til å servere nasjonale spesialitetar frå heimlanda sine.
«Eg ønskjer meg mest mogleg ungdom på seminardagane. Det er dei vi må nå ut til.» Herdis Seim |