Etter russerevyen 29. januar i år gav Florarussen 10.000 kroner til Røde Kors sitt engasjement i Haiti.
17. mai gav dei 2000 kroner til AltJul. (**)
No har dei gjort det igjen: Onsdag kunne Florarussen overrekke ein sjekk på 20.000 kroner til Leger uten grenser. Dette er overskotet etter russetreffet Chickelacke.
– Russetida har vore mykje fest og moro, men samstundes er vi seriøse personar. No håper vi berre at neste års russ kjem til å følgje opp med like mykje velgjerd og like flotte arrangement, seier Mathias Stang i russestyret og understrekar at russetida for russen 2010 ikkje har vore berre leik og moro.
– Gjer inntrykk
Sjekken på 20.000 kroner vart overlevert Ragnar Børsheim i Leger uten grenser onsdag.
– 20.000 er masse pengar, seier ein takksam Børsheim og legg til:
– Det er flott at unge folk bryr seg, og at dei har eit internasjonalt perspektiv og solidaritet. Det gjer inntrykk, seier legen.
Dei 20.000 kronene skal gå til Leger uten grenser sitt arbeid i Afghanistan.
Slike bidrag er med å gjøre jula lettere for mange.