ALTJUL

Alternativ JUL i Florø

 

Alternativ jul i Florø 


Programmet for julafta :

Vi har no fått programmet på plass :

Herdis Seim på NRK 22 12 2008

Program Julafta 24/12 2008

 

16:00 Vi hentar dei som ynskjer det

17:00 Velkommen!
     Taffelmusikk, gløgg og pepparkaker
     medan vi ventar på julemiddag/koldtbord

18:00 Velkommen til bords

19:00 Underhaldning

19:30 Nissane er i godlune

20:45 Fakkeltog til kyrkja for dei som vil

21:00 Gudsteneste med 2 prestar Musikk,
     sang og opplesing av juleevangeliet


        ELLER

20:45 For dei som ikkje er med i kyrkja,
     blir det egne opplegg på Havglytt.
     Vi har fleire alternativ, bla.a. vil HEF delta.

22:30 Vi held fram julekvelden pa Havglytt
     Kaffi, kos og meir mat

24:00 Slutt og heim for dei siste gjestene


Gjerne påmelding til 902 03 079 / 977 99 977

 

Treng du transport til og frå Julefeiringa?

 

Kontakt Liv på Tlf: 99 29 46 23



Gratis BUSS ! !

Sundag den 21 desember sponser Firda Billag oss med en gratis buss i 14 tida og utover til folk som ønskjer å kome seg til byen og handle på kveldsåpne butikkar. Treng du skyss, kan du anten ringe Herdis Seim på 902 03 079, eller ringe bussen direkte på 977 99 977.


Hotell i julegåve

No kan Altjul - Alternativ Jul i Florø også tilby overnatting til dei som kommer utanbys frå. Eigarane av Åsgården Hotell, nå kjent som Efinor Jobbhotell, har stilt hotellet til Altjul's rådvelde frå Julafta til 2 juledag! Ei fantastisk julegåve, Seier Herdis Seim, som dermed kan ønskje velkomen deltakarar både frå øyane, dalane og nabokommunane. Dei som vil nytte dette tilbodet, må gje oss "bestilling" på førehand ! Dette for å kunne booke rom kostnadsfritt for dei som ønskjer det.


3b skal pakke julegåver

Fra 8 til 12 desember har julenissen vår det travelt med å plukke opp julegåver som klasse 3B fra Florø Folkeskole skal pakke inn den 17 Desember til arrangementet Julaftan.
Dersom de har ting de vil gje, må vi få dei i hende innan den 16desember.
De som vil sponse arrangementet på andre måtar, bør gjere det innan 19 Desember. Den oversikt vi då har, gjer at vi ser kva som må handlast og elles førebuast.


Julegåver til Arrangementet Julaftan

Har de gåver til sjølve Alternativ Julefeiringa i Florø, kan desse leverast inn på to butikkar i Florø; Coop Marked (Gamle Prix) og Eurospar på Krokane.




OPPDATERT : Julegåver til born i Litauen

Vi har no sendt avgårde Gåver til born i Kelme og omland i Litauen. Desse gåvene er nye og brukte leikar frå born i Florø. Transporten ble sendt med fly frå Førde, vidare frå Oslo til Stockholm, og så til Vilnius, kor dei blei plukka opp av Rotary den 22 Desember 08. Sendinga ble sponsa av Widerøe Cargo og SAS Cargo. Representantar frå Rotary vil transportere dei vidare frå Vilnius til Kelme.



Lagar alternativ julekveld

Anonym sponsor går inn med pengestøtte til Florø

FLORØ: Herdis Seim og Demokratisk Solidaritet har mange gode medspelarar når
dei no planlegg  "ope hus" julaftan i Florø.


Skrevet av : SVEND ARNE VEE - Firdaposten.  Foto : Olav Hatlemark.





Herdis Seim har mange års erfaring med å skipe til julefeiring for andre menneske.
Både i Bergen og i Oslo har ho delteke i store dugnadsløft i regi av Kirkens Bymisjon, for å syte for at den eller dei som ikkje har nokon å feire jul saman med, skal ha eit tilbod.
Og no ønskjer ho å bruke erfaringane sine i heimbyen Florø.


- Eg veit det finst eit behov.
Mange sit åleine på julekvelden, sjølv på ein liten plass som Florø.

Eg har allereie kontakta mange potensielle bidragsytarar, og så langt har eg berre blitt møtt med velvilje, fortel ho.


Først middag, så kyrkjetur

Planen hennar er todelt. Først blir det ope hus med middag og underhaldning i eit forsamlings hus i byen.
Staden er ikkje avklara enno.
Seinare på kvelden flytter selskapet seg til Florø kyrkje (For dei som ynskjer det) der blir lita juleandakt med musikalske innslag, og med kyrkjekaffi og samvær etterpå.


I ryggen har Seim løfte om økonomisk støtte frå ein utanbys sponsor.
No håpar Seim at også byens eige næringsliv og gode kulturkrefter blir med på spleiselaget.


Og hjelp treng ho. Det skal leigast hus og kyrkje, mat må på plass, det må skaffast musikalsk underhaldning samt ein prest.

Alle velkomne

- Det religiøse aspektet skal ikkje vektleggjast for tungt. Det kan verke ekskluderande for prosjektet.
Lokalet blir Havglytt
Når det gjeld musikk, har eg alt fått positive svar frå fleire Florø artistar - mellom andre Håvard Lothe, seier Seim.

- Kva er målgruppa for ei slik julefeiring ?
- Vi ønskjer å famne vidt. Mange eldre sit åleine.
Vi har nye landsmenn som ikkje har så stort nettverk.
Og det finst mange som av ulike årsaker har hamna på utsida av familienettverk sine.

Alle som måtte ønskje å vere saman med andre menneske på julaftan er velkomne, seier Seim.


Etter avtale med sponsoren sin vil Seim ikkje fortelje kven som har lagt den første økonomiske garantien i botnen.

Vi har fått støtte utanfrå.

Og eg håpar det lokale næringslivet i byen kan ta over stafettpinnen og tilby hjelp, oppmodar ho.

Mangfaldsåret

Seim meiner at timinga for 'a starte ein ny tradisjon er god.

- 2008 er mangfaldsåret.


Hugs på att vi er over 60 nasjonar representerte i Florø.
Mange av desse har ikkje store nettverk eller lang fartstid som florøværingar. Eg håpar dei vil finne tilbodet attraktivt, seier ho.

Det blir inga førehandspåmelding til julefeiringa, men Seim er takksam om folk som alt no veit dei vil delta,
gir eit vink om dette. Ho treng også frivillige hjelparar til å arrangere.

- Eg treng folk til å lage mat, køyre bilar eller bussar, til musikk - ja, til det meste. Det er berre å ta kontakt, oppmodar ho.
Arrangemanget blir alkoholfritt.


Om lokalt næringsliv og kulturkrefter gir Herdis Seim drahjelp, vil mange få tilbod om å sleppe å feire julafta 2008 i einsemd.



Dersom du vil bidra, elller være med å hjelpe, ta kontakt på epost :

Kontakt oss

 

Kontonr : 3705 15 14875

 

 

For pressa / Pressemelding


Mangfaldsåret 2008 må være god timing
for å starte ein slik tradisjon

 

 

Teller:

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Ser du etter "Alternativ Jul" Klikk her :