ALTJUL

Alternativ JUL i Florø

 

 For å få dette til

Trenger vi sponsorer og frivillige!

Og ikkje minst ; Deltakarar !

Gode næringsdrivande, privatperson og organisasjon !
 
Som du/de kanskje har registrert vil alternativ julefeiring finne stad i Florø i høvet mangfaldsåret 2008.
Ynskjet er å få dette tilbodet  oppe og gå som eit årleg kulturelt arrangement.
 
Dette er eit tiltak som vert starta heilt frå scratch og difor er det vanskeleg å komme opp med eit budsjett.
Grovt reikna vil kostnader pr. person komme på ein stad mellom kr.400 - til kr.500.

Det er enno ukjent kor mange som vil delta i feiringa.
 
Ein treng støtte til :
- matvarer 
- eigna julegåver 
- lokale  + strøm 
- transport 
- PR 
- julepynt (juletre,julelys, stearinlys, blomar etc.)
- underhaldning 
- alkoholfrie drikkevarer
- eingongsservice  
- samt andre uforutsette kostnader.
 
Som takk for det som kjem inn av pengar og naturalia før du/de tilbod om plass til logo/annonse på websida www.altjul.org  kor sponsorane står frie til å komme med ein kort artikkel /omtale av seg sjølve/firmaet utan ekstra kostnad.
 
Vi treng og frivillige som vil være med å organisiere og drifte kvelden.
Sjåførar, kokkar, servitørar, mv.  Vil DU ? Ta kontakt !
 
Om du / de ynskjer å være med som deltakar på julafta, og veit dette allereie no, KAN de ta kontakt og sei ifrå.
Det er inga påmelding, eller krav om at påmelde må møte,
men det er greit å ha en ide om kor mange som kjem.
 
Vi forventar å vere oppe med websida/e-mailadressa og kontonummer innan 1 veke.
 
Arrangementet er eit tiltak på tvers av religion/tru og ikkje tilknytta politiske særinteresser. Det vert ei todelt feiring for å inkludere eit breitt spekter av besøkande ( sjå baksida av brevet ).
 
Ein ber om tilbakemelding innan 24.11.08
 
På førehand takk for støtte frå deg/dykk !
 
 
Med vennleg helsing Herdis Seim

 

Kontakt oss

 

Kontonr : 3705 15 14875

 

 

 

 

 

Teller:

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Ser du etter "Alternativ Jul" Klikk her :